Hallo Merlin.
Denne gangen skriv eg på Norsk.
Ulvik ligg i utkanten av Hardangervidda.Mesteparten av arealet tilhøyrande Ulvik ligg i fjellet.Difor har fjellet alltid vore viktig for menneska som bur her.I dag vert fjella brukt til beite for dyra,sau og kyr.I tilleg nyttar me fjellet til jakt på reinsdyr,hjort og rype. I innsjøane fiskar me ørret på garn.
For dei som kjem som turistar har Hardangervidda turløyper med hytter fordelt utover.I frå Eidfjord er det fleire utgangspunkt Hjølmo-Vivelid,RV-7 Hardangervidda har fleire turistløyper som fører deg vidare innover vidda.
Kinsarvik med Husedalen er fin for ein dags tur.
I Ulvik har vi også mange fine turar. Osa-Hallingskeid er ein heildagstur.Det vil sei ein må overnatte på Hallingskeid eller ta toget Voss-Hallingskeid.Raundalen til Ulvik er også ein slik tur.Desse turane er i frå gamle dagar vegen bøndene nytta for å få dyra til beiteområdet i fjellet.Også var fjellet den einaste vegen for å komma Nordover eller til Auslandet.Ulvik har også mange småturar i fjellet rundt om Fjorden.Ulvik-Granvin,postvegen .Eg anbefalar alle som vil ta turar i fjellet å gå innom turistkontoret i Ulvik eller Eidfjord.
Det er viktig å vere forsiktig i fjellet.Nok mat,klede kart og kompass.
Kvart år har me uhell der turistar har vore uforsiktig i fjellet.
Naturen i Norge er vår beste reklame
Velkomen til fjella våre. Magne
Heimeside
http://www.ulvik.org/~i_besto