
????stuer hat geschrieben:Vier Angler konnten sich retten
Zwei deutsche Touristen ertrunken gefundenTo tyske turistar funne drukna
Fisketuren i Austfjorden i Lindås i natt enda tragisk
Det vart sett i gang ein leiteaksjon etter dei to tyskarane i sjøområdet mellom Lindås og Masfjorden, etter at dei litt før midnatt vart meldt sakna då dei ikkje var kome tilbake til reisefølgjet dei var med i.
Dei sakna vart funne i sjøen i løpet av natta, etter at leitemannskapet først hadde funne den15 fots fritidsbåten dei var på fisketur i. Den låg kantra ved Kvamsøy i Austfjorden. Den første av dei omkomne vart funne i 04.50-tida, den andre tre kvarter seinare.
To redningsskøyter, kystvakta og ein politibåt deltok i leitinga etter dei to tyske turistane på 64 og 73 år. Aksjonen vart organisert av Hovudredningssentralen Sør-Norge.
- Vi veit ikkje kva som har skjedd, utover det faktum at båten på ein eller annan måte må ha kantra, seier operasjonsleiar Bjarne Flokenes ved Hordaland politidistrikt. Politiet er temmeleg sikre på at det ikkje var fleire enn dei to i båten.
Reisefølgjet var på totalt åtte tyske turistar. Dei er innkvartert på nokre hytter i området.
- No er vår jobb å ta hand om dei seks som er igjen, seier Flokenes.
Mitglieder in diesem Forum: 0 Mitglieder und 11 Gäste